Er alle over 60 personleg kristne ?

Eg har i mange år reagert på at det kan verke som at pensjonistlaga i distriktet har teke feil namn.  Når ein  kjem i den alderen at det kan vere aktuelt å gå på desse møta, undersøkjer ein gjerne litt med kjente og på andre vis kva som skjer på desse møta.  Med program som: Ord for dagen, salmesong, bibelvers og andakt, legg ein vel ei sterk føring på kva slags medlemmer ein ønskjer seg på møtene.  Eg veit at mange reagerer på dette, og som difor let vere å gå der.   Vi må også tenkje på at det etter kvart kjem folk som ber med seg andre tradisjoner og som ikkje er er kristne i det heile.  Eg trur at om ein fekk med desse, og andre som ikkje bruker bordvers til dagen, vil det friske opp møta og gje eit betre sosialt snitt.

Til dei ansvarlege i laga rundt omkring: La pensjonistlaget vere ein hyggeleg stad for sosialt samver for alle, ikkje berre dei som er personleg kristne.  Alternativet er slik eg ser det, å endre namn på laga til ”Forening for dei som syng bordvers” eller noko anna som seier litt om aktivitetane der.

Med eit skrått blikk, Skjalg

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00